Adresse: Breiteig, 6141 Rovde
Telefon: 904 10 242
E-post: post@breiteig-fjordsenter.no
Orgnr: 991704892 mva

Fjorden

Fjorden - ein viktig medspelar for eksistensen på småbruket. Spisskammerset - alltid noko å setja på bordet.

Dei gamle kjende fjorden godt og fiskemeder vart formidla frå generasjon til generasjon.

Frå gamalt av også den viktigaste samferdselsåra; på handel, til kyrkje etc... Bestefar fortalde også om ei uskriva plikt til å ro forbifarande over fjorden - ei slags skyssplikt.

Murane etter gamlenaustet tyder på at det har vore større båtar på garden på 1800 - talet. Fyrst på 1900-talet finnast ein 17 fots Nordfjordfæring på garden. Den har gått tilbake til naturen no. Frå ca. 1950 tok ein 18 fots Strandebarmer over.

I ein periode etter andre verdskrig tok ein imot skrei til tørking i fjøra.

Og fjorden har og vore åsted for historiske hendingar.  Rett bortanfor Breiteig, utanfor Sandnes-fluda, møtte ei av Noregs mektigaste kvinner, Fru Inger til Austråt, si ublide skjebne i 1555, då ho drukna under eit dramatisk forlis i eit forrykande uver.